The Writings of Israel Shamir
Home
Arabic Articles
French Articles
Hungarian Articles
Italian Articles
Norwegian Articles
Polish Articles
Russian Articles
Spanish Articles
Turkish Articles
Friends and Foes
Talmud Translated
Discussion Board
Feedback Form
Picture Gallery 
Search
Donations
Site Map
Links
Contact

 
 
 
 
 
 
 
 

 

Eventyrlandet

Dei bratte bakkane opp frå Wadi Keziv i Vest-Gallilea er kransa av krokete eiker og tornebuskar. Ved breidda av bekken ser oleander og sypress ned i dei små kulpane nedanfor kjeldene. Eg liker dette uforstyrra juvet. På varme sumardagar kan ein gøyma seg i ei djup hole og slappa av i det klåre, kalde vatnet, venta på hjort og vona på ei nymfe. På kjøligare dagar kan du klatra opp den bratte kollen som reiser seg midt i kløfta. Den heiter Qurain - Hornet - på arabisk, av det kjem det arabiske namnet på Wadi Keziv, Wadi Qurain. Over toppen på kollen ligg krossfararborga Monfort og ser mot det fjerne Middelhavet.


Denne staden gøymer mange minne. Ellevehundretalets sionistar - dei tautonske riddarane av St Maria - forsterka borga på kollen, og kalla han Starkenberg; det sterke fjellet. Namnet og den avsides plasseringa hjelpte ikkje: Dei vart slegne av Salah ad-Din, det arabiske førebiletet på mot og omtanke. Han lét dei reisa attende til aust-Europa med våpna og æra intakt.


Den steinete stigen til kjelda var møtestaden til dei flotte folka i "Arabesker", ein vidunderleg roman av den palestinske forfattaren Anton Shammas. Shammas, ein innfødd frå Fassuta rett ved, er truleg den einaste ikkje-jøden i verda som skriv sine bøker og dikt på israelsk hebraisk.


Lenger vest renn Kezivbekken ut i sjøen ved ruinane av az-Ziv, den kristne landsbyen som jødane øydela i 1948. I denne landsbyen møtte ei palestinsk jente ei anna palestinsk kvinne frå området - jomfru Maria - på tjugetalet. Med andre ord ein typisk stad i det uvanlege landet Palestina.


No for tida kan du rusla rundt i juvet heilt åleine. Det er like tomt for folk som bygdene her elles. Landet Palestina er i fåre, den største fåren sidan den svarte tida i 1948. Folk vågar seg ikkje ned her lenger, og overlèt kløfta til det magre, sterke villsvinet. Medan eg gjekk nedover langs bekken såg eg nokre få av desse grasiøse dyra, så ulike sine tamme slektningar. Det var fyrst ute av kløfta, på Acresletta, at eg møtte menneske. Der arbeidde nokre thailendske og kinesiske bønder på åkrane til den lokale kibbutzen. Ein middelaldrande kibbutznik sat i skuggen og såg på medan dei arbeidde. Eg sette meg ved sida hans for ein røyk og ein slurk med kaldt vatn. 


Han såg ut som biletet av den gode israelar, solbrend med eit venleg smil og buskete bartar, og snakka rett frå levra. For femti år sidan ville han, eller snarare forgjengaren hans, ha vore soldat i dei jødiske stormtroppane. Dei ville erobra landet kring az-Ziv og jaga bøndene her til Libanon. For tretti år sidan ville han ha dyrka den stolne jorda med eigne hender. No sit han og ser på medan thailendarane dyrkar denne jorda. Han fortalde meg at han snart skulle til New York for å vitja sonen sin, som er webdesignar. Medan han er borte vil han leiga nokre russarar frå byen Maalot for å fylgja med dei asiatiske landarbeidarane for kibbutzen. Det er ikkje mange jødar som er interesserte i å arbeida med jorda, ikkje eingong i å sjå etter thailendarane, sa han. Kibbutzen vonar på å få byggjeløyve slik at dei kan byggja hus og selja. Det er verdfulle tomter, nær Naharya og Acre, og dei vil få god pris trass krisa, meinte han.


Eg tok han i handa og sa farvel, til han, til dei sveitte tailendarane, til dei grøne engene og til dei libanesiske fjella i nord som stengjer utsikta til flyktningeleirane der dei opphavlege innbyggjarane i az-Ziv bur. Eg sa farvel til fjella i Galilea i aust, der den russiske byen Maalot ligg. Eg haika til Nahariya, og derfrå tok eg toget heim til Jaffa. På toget var det nokre få afrikanarar, truleg ulovlege immigrantar dømt ut frå den sky framferda deira. Eit rumensk arbeidslag av bygningsarbeidarar drakk øl og rapa høgt. Dei var importert frå sitt utarma austeuropeiske heimland for å byggja hus til eldre russiske immigrantar. Nett som i California ynskjer ikkje israelske jødar å arbeida i bygningsbransjen.


Ein israelsk, jødisk advokat i svart dress bladde gjennom papir i den halvopne stresskofferten sin. Ein blond, væpna israelsk soldat snakka ukrainsk med frikativ H til den lubne kjærasten sin. Han la ut om sin heroiske kamp mot mengder av arabiske terroristar framfor dei tilbedande augo hennar. Ei gruppe med marokkanarar diskuterte stengjinga av stålverket i Acre og dei dårlege utsiktene til å finna anna arbeid. Krisa blir verre og verre, sa ein av dei. Det er like ille som i 1966.


Toget rulla gjennom Haifa, og eg tenkte på dei hundretusen, kanskje millionar av amerikanarar, jødiske og kristne sionistar, som driv lobby, bed, støttar og betalar - nei, ikkje for den jødiske staten bygt på ruinane av Palestina, slik dei trur. Det ville vore ille nok. Men røynda er verre. Eg tenkte på millionane av palestinarar som rotnar i flyktningeleirar og fengsel, frårana eigedomen sin, utvist, - ikkje offer for jødisk hunger etter land, slik dei trur, men for noko verre: For eit spøkjelse.


Den jødiske staten er eit eventyrland som raskt misser det som måtte vera att av samband med røyndomen. Dette spøkjelset av ein stat drep folk og samlar inn pengar i Amerika; han held fram eit slags skuggetilvære, slik som det juridiske omgrepet "dødsbuet". Jorda blir dyrka av importerte gjestearbeidarar som blir passa på av importerte russarar og etioparar, og det heile blir forklart og forsvart av israelske professorar som er borte for godt for å førelesa på amerikanske universitet, og tapre generalar på jakt etter tungt skyts frå amerikanske våpensmier. Arbeidsløysa veks kvar dag, grunnleggjande tenester streikar, turistindustrien har kollapsa for mange månader sidan. Hotella står tome og andre greiner av nasjonaløkonomien er nær samanbrot. Israelarar kjøper seg husvære i Florida og Praha, medan hus i Israel tiggar etter kjøparar. Sharons ynskje om å straffa palestinarane verkar som å straffa si venstre hand. Palestinarar og israelarar er vovne saman, og delinga drep økonomien til båe.


Frå det fjerne Amerika ser Israel ut som ei kjempe, ein atomstat, USAs store allierte. Det er ein jødisk stat som er kjelde til byrgskap for amerikanske jødar. Gjester reiser frå våre kyster med eit sterkt inntrykk av identitetskjensla og velstanden vår. Berre vi som bur her fast veit at det er ein pappfasade. Israel kollapsar, dei aktive borgarane forlet landet fortvila, medan generalane gjer øydeleggjinga av landet komplett. Ein stygg lagnad råkar dei innfødde palestinarane: Eit spøkjelse drep dei, ein åndlaus skapning som vandrar gjennom korridorane i Kongressen og ørkenen i Midtausten i zombie-aktig transe.


For desse framtidsutsiktene skviser leiande amerikanske jødar kvar penny ut av sine tilsette og landsmenn, kuttar pensjonar til gamle og hjelp til born, kuttar helsetenester og utdanningsbudsjett, turkar ut hjelpa til Afrika og Latinamerika, byggjer utolelege koalisjonar med notoriske rasistar av Pat Robertson og Jerry Falwells type, krev øydeleggjing av Irak, velsignar bombinga av afghanske flyktningar, stengjer afro-amerikanarane inne i ghettoane sine, underminerer vertssamfunnet sitt og skaper fiendar for seg sjølve og Amerika. Desse gjerningane ville vore forkastelege jamvel om ein oppnådde noko av verdi for ein eller annan, men dei er verre avdi dei er nyttelause.

I praksis har det sionistiske eksperimentet brote saman. Det kan framleis eksistera nokre år med livreddande hjelp, som ein hjernedaud grønsak. Det kan drepa folk, kanskje til og med byrja den neste verdskrigen. Men det kan ikkje bli levande.


Den jødiske staten Israel er ein sinnstilstand, eit eventyr skapt av det amerikanske, jødiske sjelslivet. Otten og vanskane han gjev røyst til er amerikansk-jødiske problem. For israelske "jødar" er det ikkje bruk for segregasjon, krig eller undertrykking av dei innfødde. Vi et ikkje ringbrød med lox, snakkar ikkje jiddish, les ikkje Saul Bellow eller Sholom Aleichem, og vi unngår synagogar. Vi vil heller ha arabisk mat og gresk musikk. I nabolaget mitt er det sju griseslaktarar for kvar kosher. Førti prosent av bryllaupa i Tel Aviv skjer utanfor det jødiske ritualet - unge israelarar fer heller til Kypros for å gifta seg, berre for å unngå rabbiane. Tel Aviv er homsehovudstaden i midtausten, jamvel om homofili etter jødisk lov skal utryddast.


Om ikkje amerikanske jødar hadde korrumpert israelarane so mykje, ville vi berre gløymt diasporaen og smelta inn i det gjestfrie Midtausten. Om dei held fram med å finansiera oss, er vi nøydde til å syna dei litt jødiske seder og skikkar.


Vi er meistrar i å selja illusjonar, og so lenge det er kjøparar skal vi skaffa varene. I 1946 kom ei gruppe rettskafne menn frå heile verda til Palestina på FN-oppdrag. Dei vart sende for å førebu delinga av landet. Ein av dei mange stadene dei vitja var den sørlegaste kibbutzen, Revivim i det turre Negev. Der såg dei eit vidunderleg blomebed med roser, anemoner og fiolar framfor kibbutzkontoret. I rapporten sin uttrykte medlemmene av delegasjonen undrarnde: "Jødane får ørkenen til å bløma, la dei få Negev."


Då dei reiste, kom ungane i kibbutzen ut og tok dei alt døyande blomane ut av sanden. Dei hadde kjøpt blomane den same morgonen på Jaffamarknaden og planta dei som kulisser medan gjestene var der. For dette vesle kontantutlegget vart Negev med sine to hundre tusen palestinarar ein del av den jødiske staten. Mesteparten av innbyggjarane vart utvist over dei nyteikna grensene til flyktningeleirar i Gaza eller Jordan. Det var stygt gjort og nyttelaust: Jamvel i dag, femti år etter, har Negev sør for Beersheba færre innbyggjarar enn i 1948.


For å få tak i folk til dei avfolka områda, terroriserte og øydela Mossad dei jødiske samfunna i Nord-Afrika. Jødane vart skyssa inn, spraya med DDT-lusedrepar og plasserte i flyktningeleirar som snart vart til byane Netivot, Dimona og Yerucham. Dei er framleis der, i dei stygge ørkenutpostane prega av arbeidsløyse og elende, der dei lever av sosialhjelp og nærer ei djup forakt for Ashkenazijødane som sit på kafeane i Tel Aviv. Det er kanskje einaste staden på kloden der du får slengt etter deg at "det er synd du ikkje vart brent i Auschwitz".


Dei magiske triksa: Revivim, erobringa av Negev, utvisinga av palestinarane og øydeleggjinga av det marokkanske, jødiske samfunnet fungerte såleis kvar for seg, men mislukkast likevel til slutt. Det var som ein kunne venta: Vonde og umoralske handlingar kan ikkje bera god frukt. Sionistiske leiarar drøymde om å gjera Palestina like jødisk som England er engelsk. Dei mislukkast: Palestina er like jødisk som Jamaica er engelsk.


Landet Palestina blir øydelagt no framfor augo våre. Dei vakre gamle landsbyane blir bomba til grus, kyrkjene blir tømde for sine kyrkjelydar, oliventrea rykte opp med røtene. Slik øydeleggjing har ikkje skjedd her sidan den assyriske invasjonen for 2700 år sidan. Inga trøyst vil kunna gjera godt denne enorme øydeleggjinga, og dei som er ansvarlege for dette - anten det er israelske drapsmenn eller deira amerikanske, jødiske støttespelarar - vil bli evig fordømde.


Likevel vil ein sær, historisk ironi bli att som ein fotnote i bøkene: Dei jødiske leiarane gjorde desse brotsverka til inga nytte, og fekk ikkje noko att for dei. Om så den siste palestinaren skulle bli krossfest på Golgata - sjølv det ville ikkje blåsa liv i det jødiske eventyrlandet: Staten Israel.

   
   
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 


 

Home  English Articles  French Articles  Hungarian Articles  Italian Articles  Norwegian Articles  Polish Articles  Russian Articles  Spanish Articles  Friends and Foes  Talmud Translated  Discussion Board  Feedback  Picture Gallery  Search  Donations  Site Map

Send web related mail to webmaster@israel.net   and send mail with questions or comments about this web site to info@israelshamir.net

 Last modified: November 23, 2002