Baronen og geita
Dei jødiske soldatane og offiserane som no nektar å delta i
undertrykkinga at palestinarane er gode folk. Men eg er redd for at
dette vil bli brukt til å skapa gode kjensler hjå støttespelarane til
Israel, til å legitimera apartheidstrukturen.
Strålande som alltid kom våren til Palestina. Det er ei vidunderleg tid
når dei bleike mandelblomane lyser opp fjelldalane og graset er uvanleg
grønt (snart vil det bli gulsvidd av sola). Himmelen er bleikblå, utan
det stikkande kvasse sommarljoset, og tunge, kvite sauer søkjer oppover
i lendet. Vårens skapar ser ut til å vera likesæl med kva menneska gjer,
eller Han veit betre.
I den sekstande månaden av intifadaen gjer rutinemessige israelske raid
inn i dei sjølvstyrte områda det tydeleg korleis den palestinske
kvasistaten er ein juridisk fiksjon. Vener av Palestina var redde for at
dei autonome områda ville bli arabiske bantustanar i Stor-Israel. Vi kan
ta det med ro: Sjølvstyret har ikkje ført til bantustanar. Dei
sjølvstyrte områda har vorte store viltreservat. Sharon og
turistministeren hans, settlaren Beni Elon trur kanskje dei vil dra
turistar til Israel, i staden for Sør-Afrika og Kenya.
Edward Herman i Znet (www.zmag.org/sustainers/content/2002-02/11herman.cfm)
skreiv om å forstå ”den endelege løysinga” for palestinarane etter same
mønster som den tyske ”endelege løysinga” for jødar. Den same tanken har
streifa den israelske hæren. Generalane våre lærer av korleis tyskarane
slo ned ghettooppreisten i Warsawa, rapporterte Haaretz (27. januar
2002). Dei har vorte oppmuntra av dei ekstremt låge tapstala Wehrmacht
hadde i 1943, og vonar dei kan gjenta suksessen om og når dei knuser det
som er att av dei sjølvstyrte områda.
Militærnekting
På hi sida dukkar det opp fleire nye teikn på sivil ulydnad, og
israelske offiserar nektar å vera med og gjennomføra den ”endelege
løysinga”. Eg reiste til demonstrasjonen ved Tel Aviv Museum, og fann
mange kjekke unge menn og kvinner som stod saman med dei gamle
fredsforkjemparane. Det var verkelege fredsvener, utan hermeteikn. Dei
applauderte ein bodskap frå Arafat, og stødde offiserane som nektar
ordre. ”Peace Now”, ei Arbeidarpartidominert rørsle, var ikkje med, dei
er ukomfortable med all ordrenekt i hæren. Det er aldri enkelt å nekta
ordre, sjølv om den israelske hæren er nokså tolerant når det gjeld
usemje. Opprørarane vil i verste fall bli fråtekne kommandostillingane,
og vil ikkje bli stilt for krigsrett. Når dei nektar å gjera teneste i
dei palestinske områda, er det eit tilbakeslag for den israelske
krigsmaskina, sjølv om hundrevis av andre soldatar og offiserar seier
dei står klare til å fylla dei tome plassane på sjekkpostar eller i
snikskyttarreir. Desse offiserane har teke eit viktig første steg ved å
halda seg unna vonde gjerningar.
Den lokale vekeavisa Ha-Ir trykte korte (mindre enn hundre ord til kvar)
forklaringar frå soldatane på kvifor dei hadde valt å ikkje følgja ordre.
Det er sterk lesnad, full av historier om mishandling ved kontrollpostar,
tortur og utsvelting av palestinarar. Barnedrap, eit særdrag ved den
jødiske staten, er eit tema som går att i denne oppramsinga av grusame
historier. I eldre tid hevda antisemittane at jødane drap kristne born.
Denne avskyelege og blodige myten har vorte knust og øydelagt i Israel.
Vi drep liksågodt muslimske ungar som kristne, utan fordomar. Sjølv Ami
Ayalon, den tøffe, senete, skalla og samvitslause ekssjefen for den
frykta statlege tryggjingstenesten, undra seg høglydt over kvifor så få
israelske soldatar nekta å drepa born.
Eiga interesse
Eg er ein liten tanke mindre entusiastisk enn eg burde vera, sidan
israelarar har ei fantastisk evne til å bruka protest i sin eigen
interesse. Etter massakrane i Sabra og Shatila var det ein
gigantdemonstrasjon der fleire hundre tusen deltok. Men han vart brukt
til å gje israelarane gode kjensler. Det tok sytten år til før
tortursenteret al Hiyam vart stengt og okkupasjonen av sør-Libanon var
over. Sharon, slaktaren frå Sabra og Shatila, vart valt til
statsminister. Det er stor fåre for at den modige handlinga til
offiserane vil bli brukt til å byggja opp gode kjensler mellom
støttespelarane til Israel, i staden for å endra ting. Så kva no, Israel
og Palestina? Kva blir det neste?
Sharon kan freista gå vidare med den endelege løysinga, og skapa eit
palestinarfritt Palestina. Til no har han vona at palestinarane ville
flykta frå dei fryktelege levetilhøva. Velståande folk og folk med gode
kontaktar flyttar i påvente av betre dagar. Men jødane reiser mykje
snøggare. Unge israelarar flyttar utanlands for å studera, og kjem ikkje
tilbake. Ein talentfull musikar, Adi Schmidt, sonen til ein av venene
mine, annonserte at han fór for godt og heldt avskjedskonsert i Tel
Aviv. Shekel har byrja falla fritt, investeringane har turka ut. Det er
difor denne regjeringa er tvunge til å ta modige steg.
Borgarkrig?
Dei ville elska å provosera fram ein borgarkrig mellom palestinarane.
Meir press i samband med ein eller annan aksjon frå militsane, møte med
nokre av ministrane i den palestinske sjølvstyresmakta, krav om
arrestasjonar og overgjeving av aktivistar – til saman skulle dette føra
dit. Men nokså uventa storma ikkje palestinarane mot sjølvøydeleggjing.
Sharon har ikkje hatt lukka med seg så langt, men har framleis middel
til å provosera palestinarane og naboane til Israel, og reinsa landet
for goyimar i kjølvatnet av provokasjonen. Han kan bryta seg inn i al-Aqsa-moskeen,
det nydelege komplekset bygt av umajadekalifane i det sjuande hundreåret.
Her ligg den nakne nerva i Palestina. I 1996 opna Bibi Netanyahu ein
tunnel nær moskeen. 96 vart drepne. Sharons provokasjon mot moskeen for
16 månader sidan sette igang intifadaen. Nyleg fekk Sharon ei nyttig
tilråding frå Shabak om å opna moskeen for bedande jødar.
Under normale tilhøve har ikkje-muslimar lov til å vitja al-Aqsa. Dei
breie skuggefulle plassane, den vidunderlege harmonien til Qubbet as-Sahra,
klippedomen, dei romslege skipa i hovudbygninga til moskeen gjer det til
ein perfekt stad for ein avslappande rusletur med kvile og ettertanke.
Millionar av turistar, og titals millionar av truande brukte koma dit.
Men den israelske regjeringa har lenge hindra muslimar frå å koma til
staden der Profeten, fred vere med han, bad saman med andre profetar.
Ein muslim frå Jerusalem må vera over førti år for å koma gjennom
politikontrollane på veg til bøn. Ein muslim frå Gaza eller Ramallah kan
ikkje dra dit for å be i det heile. Leiarane for moskeen ynskjer ikkje å
sjå framande i heimen når deira eigne søner ikkje får lov til å koma.
Delar av grunnen til moskeen er alt konfiskert av jødane. På
den breie plassen framfor vestmuren låg eingong eit pittoresk
Mughrabina-bulag. Det høyrde til moskeen, men etter at Israel erobra
Jerusalem i 1967 vart det rive. Nokre av innbyggjarane er gravlagde i
ruinane, så stor hast hadde erobrarane med å få vekk det palestinske
nærværet. Vestmuren ligg òg på grunnen til moskeen. I følgje eldgamal
tradisjon, stadfest av britiske styresmakter, høyrer muren til moskeen,
medan jødane har rett til å be der. Etter 1967 vart han konfiskert saman
med sørmuren.
Kong Herodes
Den jødiske, nasjonalistiske høgrefløya ønskjer byggja eit jødisk tempel
på ruinane til moskeen. Dei trur høgda har magiske kvalitetar, og om
jødane tok over ville det jødiske overtaket over den kristne og
muslimske verda for alltid stå fast. Det jødiske tempelet vil også
skygga ut den heilage grava. For desse er det å ta over moskeen ikkje
berre eit middel til å provosera fram meir vald, men eit mål i seg sjølv.
Dei deler denne overtydinga med dei ”kristne sionistane”, ei amerikansk
religiøs gruppe som i praksis fornektar det nye testamentet, forkastar
nattverden og jomfrua og trur på jødane som eit utvald folk. Dei kristne
sionistane meiner det er deira plikt å hjelpa jødane med å få i gang den
store krigen. Sidan framvoksteren av ei slik sekt i endetida vart
profetert av kyrkjefedrane, kallar motstandarane dei for ”Kyrkja til
Antikrist”. Den amerikanske presidenten George W. Bush og nokre av
rådgjevarane han står svært nær denne kyrkja av ”armageddon-drøymarar”.
Dei vil leggja press på jødane og truga naboane til Israel, Iran og Irak,
med atomåtak medan Israel tek over moskeane. Om overtakinga skjer
fredeleg, vil namnet til Sharon stå jamsides med kong Herodes, som bygde
det førre jødiske tempelet. Blir det mykje uro, vil Sharon kunna drepa
og utvisa palestinarane. Om overtakinga fører til storkrig vil
Armageddon-drøymarane bli fornøgde.
Oslo-strategien
Det finst ein parallell plan for dei utan stjerner i augo. Nøkterne, men
trugne sionistar såg på valet av Sharon som eit naudsynt steg for å
realisera Oslo-strategien. Palestinarane avslo framlegget frå Barak om
ein ”uavhengig palestinsk stat” – ei rekke med bantustanar utan at
flyktningane kan venda heim, utan Jerusalem, utan eigne grenser og utan
von. Sidan har dei lidd mykje, og mista mange av sine beste menn og
kvinner.
Eit jødisk eventyr fortel om ein mann som kjende seg elendig i det lille
og trongbudde huset sitt. Rabbien hans rådde han til å ta med seg geita
inn. Ei veke etter kom mannen tilbake i tårer, sidan det no hadde vorte
umogleg å røra seg i huset. Rabbien gav han lov til å fjerna geita, og
han vart ein fornøgd og glad borgar.
Sharon er geita i denne fabelen. Når han blir fjerna, vil jødiske media
i USA lovprisa humanismen vår. Europearane vil velsigna oss for å vera
imøtekomande. Dei kjekke karane som nekta å gjera teneste i dei
okkuperte områda vil bli heltar. Plassen til den blodtørstige Sharon vil
bli teke av den ikkje mindre blodtørstige forsvarsministeren Fuad Ben
Eliezer, eller av Avrum Burg, andremannen i Arbeidarpartiet. Hæren vil
dra seg ut av Nablus og Ramallah. Glade palestinarar vil godta
Osloplanen etter Barak si tolking – minus erklæringa om at konflikten er
slutt. Dei vil venda tilbake til enklavane, til den langsomme kvelinga i
Barak si tid. Dei vil måtta gløyma jorda og husa som vart teke frå dei,
al- Aqsamoskeen og Jerusalem.
Den jødiske lobbyen
Den israelske høgresida og deira allierte i AIPAC vil hevda det er eit
amerikansk svik, på line med ordren til general Eisenhower i 1956. Det
vil bli stadfesta at den amerikanske regjeringa er uavhengig av den
jødiske lobbyen. Dei vonde hendingane under intifadaen og slutten på han
vil bli presentert som det gode sin siger over det vonde. Ingen vil
nemna at dei sionistiske gode og dei sionistiske vonde sat kring det
same bordet og planla dette saman. Men for ein objektiv observatør må
tolkinga vera annleis. For n-te gong vart det palestinske offeret sendt
frå den vonde politimannen til den gode etter mjukgjeringa.
Joda, soldatane og offiserane som nekta å delta i
undertrykkinga er gode folk og har gjort ei god gjerning. Men eg er redd
for at ho vil bli brukt til å skapa gode kjensler hjå støttespelarane
til Israel, til å legitimera apartheidstrukturen. Dei tapre orda blir
allereie brukt til støtte for ”unilateral separasjon”, eit kodeord for å
gjerda inn palestinarane i ei stor, godt vakta sone. Ein kan ikkje endra
grunnlaget for den jødiske staten, grunnlaget for undertrykkinga og
apartheid frå innsida. I boka til Raspe lyfte Baron Münchausen seg sjølv
og hesten sin opp frå myrholet ved å dra seg sjølv etter hårfletta. Om
du trur på denne historia, kan du òg tru på at dei gode folka kan endra
det israelske samfunnet utan å sameina kreftene sine med palestinarane.
Staten Israel
Ei mykje betre løysing vart sett fram av den religiøse, jødiske
forsamlinga Neturei Karta, sønene til det førsionistiske jødiske
samfunnet i det heilage landet. Dei har vorte mishandla mesta like mykje
som andre av dei opphavlege sønene til Palestina, fyrst og fremst på
grunn av at dei sta nekta å delta i brotsverka til sionistane. Desse
vise mennene i store, svarte hattar – som onkelen min frå Tiberias, ein
fredfull og trugen rabbi, minner meg om at jødane ein gong levde som
gode naboar saman med palestinarane. I ein kjensleladd appell seier dei:
”Kjerna i problemet er eksistensen til den ”jødiske” staten. Den einaste
realistiske vona om varig fred er at ein med hjelp frå FN oppløyser den
israelske staten og gjev suvereniteten tilbake til ikkje-jødar.
Ein gong spurde Stalin spøkefullt: Kor mange bataljonar kan
paven senda til fronten? Likevel såg ein pave at Sovjetunionen vart
oppløyst. Neturei Karta-jødar har ingen bataljonar, likevel trur eg dei
vil sjå staten Israel oppløyst. I staden for han vil eit nytt Palestina
koma, med plass for alle søner og døtrer av landet.
Omsett av Hans Olav Brendberg og Ingar Arnøy