Jødisk
solidaritet er ein kostesam illusjon, av di ein jødisk kjeltring vil svindla
ein annan jøde like snart som han vil svindla ein goyim (ikkje-jøde), og kan
henda snarare. Det sveitsiske bankranet er i ferd med å koma fram i dagen.
Bankmenn og ranarar
av Israel
Shamir
"Dei sveitsiske holocaustpengane synte seg å vera ein myte", skreiv The
Times den 13 oktober, og byrja letta på sløret over ei av dei mest lysskye
og bisarre historiene om utpressing og ran vi har sett. Det byrja i 1995. To
viktige herrar, Edgar Bronfman, formann for Den Jødiske Verdskongressen, og
Abraham Burg, ei veksande stjerne i israelsk politikk, vitja sveitsiske
bankar på eit humanitært oppdrag. "De har millardar av dollar som vart sett
inn av jødar før andre verdskrigen," sa dei. "Vi vil ha pengane tilbake med
ein gong, medan dei overlevande etter det jødiske holocaust framleis er i
live. La dei nyta sine siste år av livet i relativ velstand", sa dei.
Bronfman og Burg var slike folk som får bankar og trygdelag til å vakna opp
og høyra etter.
Edgar Bronfman arva milliardane sine fra far sin, Sam, som var mafiaboss.
Sam tente ein formue på å smugla sprit til USA i forbodstida. Han blanda
varene i Canada og smugla over dei store sjøane gjennom gangsternettverket
sitt. Etterpå tente han enno meir pengar som lånehai. Rett før han døydde
vart han spurt av ein journalist kva som var den største oppfinninga til
menneska. "Renter på lån" svarte han, slagferdig til det siste.
Kapitalen tent på kriminalitet og tyning av debitorar kunne vera nyttig i
politikken. Også i jødisk politikk, av di du ikkje treng å verta valt for å
verta ein nykkelfigur. Du kan alltid leiga to rom i ein kontorbygning og
setja opp eit skilt der det står "Verdas Jødeforeining", "Forum for
overlevande" eller "Den Jødiske Frigjeringsorganisasjonen", så er du i gang.
Det finst ikkje copyright på slike titlar. Bronfmanns "Den Jødiske
Verdskongressen" var ein slik liten organisasjon med stort namn. Før
Bronfman har ein eller annan jødisk farsfigur vore formann, slik som
forgjengaren Nahum Goldmann. Men organisasjonen fann ingen strenger å spela
på, og fekk lite gjort. Med den svære kapitalen til Bronfman i ryggen vart
organisasjonen ein maktstruktur.
Avrum (Abraham) Burg, ordføraren i det israelske Knesset og ein av
leiarkandidatane i det Israelske Arbeidarpartiet, er sonen til ein viktig
israelsk politiskar. Dr Burg var leiar for det nasjonal-religiøse partiet,
og sat i alle regjeringar i Israel i førti år før han døydde. Avrum mynta ut
eit typisk slagord på kveldssendinga til ABC i august, då han skildra
palestinarane som "folk du ikkje ynskjer dotter di skal gifta seg med".
Avrum trong ein sponsor for å koma seg opp i politikken, medan Bronfman
trong ein påliteleg israelsk partnar for å gjennomføra planen sin.
Ingen bank eller trygdelag kunne seia nei til slike viktige menn. Etter eit
halvhjarta forsøk på motstand gav dei sveitsiske gnomane etter, og dei
påståtte leiarane for jødane gjekk sin veg med store summar. "Jødane vil
rana bankane og trygdelaga våre i namnet til holocaust", tenkte truleg
sveitsarane. Men dei tok feil.
For medan denne historia byrja som "Gjensyn med Sions eldste", fylgte
framhaldet manuskriptet til "Stikket". Seks år gjekk, men dei internasjonale
kommisjonane Bronfman og Burg hadde laga gav omtrent ikkje frå seg pengar.
Nesten ingenting gjekk til dei som hadde overlevd holocaust. Pengane vart
misbrukte av dei same folka som hadde kravd rettferd for ofra.
For litt sidan kunne den velrennomerte LA Times melda: "Ein internasjonal
kommisjon som vart oppretta for å avgjera pengekrav for ofra frå
holocausttida har brukt meir enn 30 millionar dollar på salær,
hotellrekningar og avisannonsar medan kommisjonen berre har betalt ut 3
millionar til ofra". Kommisjonsmedlemene gjorde kommisjonen til eit
reisebyrå for overklassa. LA Times skreiv: "Dokumenta syner at kommisjonen
sidan 1998 har halde minst 18 møte med opp til 100 deltakarar på hotell i
London, Jerusalem, Roma, Washington og New York". Når det gjeld oppgjeret
for slavearbeid, rapporterte The Independent: "Medan ofra for holocaust vil
få mellom 2 500 og 7 500 amerikanske dollar, vil (dei jødiske) advokatane
som tinga fram avtalen få salær på godt over 1 million USD kvar.
No kan The Times fortelja at dei sveitsiske bankane har sjekka dei sovande
kontoane og funne at dei ikkje eingong tilhøyrde jødiske offer for
holocaust. For det meste dreidde det seg om "velståande ikkje-jødar som
hadde gløymt pengane sine". Sveitsarane betalte ikkje 1,5 milliardar dollar
til Bronfman og Burg på grunn av at dei var overtydde av dokumentasjonen
deira. Dei punga ut av di dei ikkje hadde noko val. Bronfman (saman med Mark
Rich) var ein viktig støttespelar for Bill Clinton, og Clinton ville ha
fylgt opp saka - jamvel om han kanskje ikkje hadde gått så langt som til å
bomba Sveits.
Ein del av historia byrja å koma fram i dagen i CUNY-professor Norman
Finkelsteins bestseljarbok Holocaustindustrien. Dette førde til ein god del
diskusjon. Finkelstein protesterte på pengeutpressingsmetodane til dei
jødiske organisasjonane. Dei freista framstilla han som ein lygnar og
antisemitt. No, eitt år etter at boka kom, byrjar fleire uventa og saftige
detaljar å lekka. Om opplysningane vert stadfeste, byrjar vi sjå konturane
av det største ranet i førre hundreåret.
Slik det ser ut no tok professor Finkelstein feil på nokre punkt. Til
jødehatarane si sorg var ofra for ranet ikkje berre bankar og trygdelag, men
også vanlege folk med jødisk bakgrunn. Men like pinleg for jødevenene er det
at ranarane var dei sjølvutnemnde jødiske leiarane som hevda at dei
representerte interessene til det jødiske folket.
II
Mannen bak denne oppdaginga er svært ulik New York-professoren Finkelstein.
Martin Stern er ein velståande britisk forretningsmann, djupt engasjert i
eigedomsmarknaden og jødiske og sionistiske saker. Han arbeider i London,
men er i sitt romslege husvære i eit ortodoks grannelag i Jerusalem i
helgane. Han held alle bønene i sin shul, gjev pengar til gode føremål og
elskar Israel.
Heile maskineriet av holocaustkrav starta då han møtte ein sveitsisk
bankmann i Villar, ein feriestad i dei sveitsiske Alpane. Bankmannen
fortalde Stern ei interessant lita historie. Banken hans, Union Swisse
(USB), la alle forretningane sine inn på data i 1987 og oppdaga mange
kontoar som hadde sove sidan 1939. Banksjefane fann ut at ikring 45
millionar sveitsarfranc (30 mill. USD) i innskot truleg tilhøyrde jødar som
døydde under eller etter krigen.
"Vi ville ikkje sitja på andre sine pengar", sa den ærlege sveitsiske
bankmannen. Vi tok kontakt med den jødiske verdskongressen og bad dei om å
hjelpa oss med å finna arvingane til pengane. Kongressen svara at dette
ikkje stod på deira dagsorden. Sveitsarane drog på herdane og overførte dei
30 millionane USD til Raudekrossen.
Denne historia gjorde inntrykk på Martin Stern, og han fortalde historia til
israelsk radio. To veker etter sendinga kom "tilfeldigvis" Bronfman og Burg
og banka på døra til det sveitsiske bankforbundet og forlangte pengane. Slik
vi har fortalt fekk dei pengane men heldt på dei for eigne føremål. Martin
Stern syntes han var involvert og byrja fylgja med etterkvart som saka
utvikla seg.
Han vart meir og meir uroa av korleis holocaustpengane vart brukte. I
tillegg til sine eigne salær brukte fordelingskommisjonen 43 millionar USD
til matpakkar til russiske jødar. Dette var ei sak Bronfman og Burg ikkje
hadde nemnt då dei bad dei sveitsiske bankane om å få opp farta med
utbetalinga til dei rette eigarane av pengane, dei overlevande. Hadde
dagsordenen deira vort endra undervegs?
Familieband førte Stern til ei liknande historie som galdt Generali
Forsikring. Før andre verdskrigen var Generali eit stort italiensk trygdelag,
eigd av italienske jødar. "Mange trygdelag var eigde av jødar før andre
verdskrigen, av di forsikring i den tida var den vesle manns bank",
forklarar Stern. Generali hadde store porteføljer i Palestina, og likeeins
på Balkan og i Italia. Trass i krigen, italiensk fascisme og holocaust heldt
Generali på sine jødiske band. Dei ynskte ikkje å fylgja sveitsarane og
tyskarane, og dei nekta på all kjennskap til forsikringar frå før krigen.
Stern etterforska for eigen kostnad og greidde finna fram til dei hemmelege
kontoane der Generali-sjefane gøymde førkrigspengane. Han fann ut at
Generali skulda store summar til arvingane etter forsikringstakarane.
Oppdaginga hans pressa Generali Forsikring til å gå med på ein avtale om å
betala. Dei ynskte gjera opp med arvingane personleg.
III
Om ikkje dei daude hadde vore jødar, ville arvingane deira fått utbetalt
verdien av forsikringssummen frå forsikringsselskapet eller banken det galdt.
Men som du sikkert har forstått, er vi jødar annleis. Vi er annleis av di vi
på ein måte er meir naive. Det er difor vi har gått med på å ha mellommenn -
dei jødiske leiarane - for å gjera avtalar med (den stort sett ikkje-jødiske)
verda.
Frå femtitalet av har jødiske leiarar tent formuar som mellommenn, av di
erstatningane ikkje gjekk rett til arvingar og overlevande, men via dei
klebrige hendene til dei jødiske leiarane. Dei israelske jødane skulle få
kompensasjonar og pensjonar via israelske styresmakter, medan europeiske
jødar fekk pengane sine rett frå goyimane (ikke-jødane). Merkeleg nok fekk
dei overlevande som vart betalt via jødiske hender alltid mindre, nokre
gonger mykje mindre. Den jødiske staten, jødiske bankar og jødiske
organisasjonar tente på kvar transaksjon, og dei brukte alle triks. Medan
det var stor inflasjon i Israel hang pensjonane til overlevande alltid
tilbake i gamal kurs. Bankar overførte ikkje pengane til rett tid.
Då dei russiske jødane byrja koma til Israel, tinga dei jødiske leiarane
fram ein avtale med Tyskland om leggja til rette for dei overlevande. Løvas
part av pengane vart verande i hendene til jødiske organisasjonar og
mellommenn.
Alle som leit på sine jødiske brør vart svindla, sidan det å stela frå med-jødar
er ei favorittverksemd for jødiske kjeltringar, leiarar og bankmenn. Ein
kynisk mann ville sagt at sjølve ideen om eit jødisk folk er ein av
kjeltringane sine beste påfunn. Då våre bestefedrar levde fungerte ikkje
dette like godt. Då visste alle jødar at ein jødisk kjeltring ville svindla
ein annan jøde like snart som han svindla ein goyim, og truleg snarare. Men
no har vi gløymt denne viktige kunnskapen.
IV
Etter at Martin Stern fann forsikringsfondet, gjekk Generali Forsikring med
på å samarbeida og betala. Men dei israelske og jødiske politikarane ynskte
å vera med i spelet. Dei tinga fram ein avtale med Generali på vegner av dei
jødiske forsikringstakarane. Det var ein skrudd idé: Same om jødane er ei
religiøs eller etnisk gruppe, så forsikrar dei liva sine som privatpersonar.
Og dei har ikkje gjeve israelske politikarar fullmakt til å representera seg.
Men politikarane tinga fram avtalen, mottok 100 millionar dollar, kalla det
"Generalifondet" og byrja bruka dei som sine eigne pengar. Dei gløymde
interessene til dei jødiske forsikringseigarane - eller dei hadde kanskje
aldri tenkt på desse interessene som noko anna enn ein talemåte.
I juni 2001 hadde Generalifondet handsama søknadene til berre 72 av dei 1250
som hadde teke kontakt for å krevja forsikringspengane sine att. Arvingane
til forsikringstakarane vart sende hit og dit, ofte avvist utan grunngjeving
eller dei fekk ikkje svar i det heile. I desperasjon tok dei kontakt med
italienarane, som betalte med ein gong. Det var nok eit prov på at vi jødar
treng jødiske mellommenn slik fisk treng froskemannsdraktar. I mellomtida
betalte fondsstyret ut 270 "ex gratia humanitære utbetalingar". Dei sende
matpakkar til russiske jødar for å få dei til Israel. Eg er sikker på
Generali gjerne gjev mat til russiske jødar og støttar den sionistiske saka,
men kvifor sa ikkje dei israelske politikarane noko om dette då dei tinga
fram avtalen?
Martin Stern oppdaga at dei som styrte Generalifondet byrja fly ofte til
Italia på reiser betalt av fondet, og då det såg ut som om pengane vart
knappe nølte dei ikkje med å be Generali om meir støtte. Rykta gjekk over
havet, og dei amerikanarane som hadde krav til gode oppdaga at krava deira
vart "ordna" av politikarane. Amerikanske, jødiske organisasjonar støtta
sine israelske kompisar. Ein viktig aktør i systemet var Lawrence
Eagleburger, ein tidlegare amerikansk utanriksminister. Denne store mannen
leier kommisjonen av jødiske leiarar som skal handsama holocaustrelaterte
krav, og han får eit årleg salær på 350 000 USD for dette. Etter det Stern
veit var pengane som Generali betalte berre så vidt nok til å betala det
kravsmennene skulle ha. Difor er han vettskremt av korleis Bronfman og Burg
søler bort pengane på andre gode saker.
V
Medan jødiske organisasjonar gjorde livet vanskeleg for sveitsiske og tyske
bankar, vart dei langt meir varsame då dei kom over ein jødisk bank. Bank
Leumi i Israel har truleg langt større fond etter drepne jødar enn nokon
sveitsisk eller tysk bank. Du ler sikkert: Dei israelske bankmennene har det
ikkje travelt med å gje pengane tilbake til dei rette eigarane. Faktisk held
dei på pengane som om dei var limt fast. Før andre verdskrigen hadde mange
europeiske jødar sparepengane sine i den anglo-palestinske banken som Bank
Leumi heitte før 1948. Dette var den største banken i britisk Palestina.
Nokre hadde kontoar, andre leigde bankboksar. Ikkje berre jødar brukte denne
banken - i kvelva låg det store formuar som tilhøyrde palestinske kristne og
muslimar.
Mange palestinarar miste innskota sine i den store uroa i 1948. Israelske
bankar brukte alle middel for å blokkera innskota og la dei forsvinna i
inflasjon. Men jødar kom ikkje betre frå det. Det ser ut som om den verste
staden ein jøde kunne plassera sparepengane sine var Bank Leumi, den
israelske nasjonalbanken. Holocaustoverlevande og arvingane til ofra vart
møtt med sta avslag frå Bank Leumi når det galdt å opna arkiva for ettersyn.
Som ei fylgje av privatisering vart Bank Leumi deleigd av Generali
Forsikring. Migdal Forsikring, Gererali Forsikring og Bank Leumi er ei
samanvoven gruppe av forretningar og forretningsmenn med tvilsamt rulleblad.
Dei same folka sit i styra, deler ut godtgjerdsler til kvarandre og flytter
rundt fond.
Martin Stern oppdaga at tilsette i Bank Leumi på femtitalet utan ekstern
kontroll hadde opna alle sovande bankboksar, til og med utan å skriva
protokoll. Innhaldet vart lagt i brune konvoluttar og lagt i arkiv utan
offentleg innsyn. Som ein fargerik detalj fekk han høyra om ein kasse som i
årevis stod i kontorlokala til Bank Leumi. Dei tilsette klaga på at dei
sparka hol i sokkane sine på hjørna til kassen. Då kassen vart opna fann dei
ein verkeleg kunstskatt, truleg plassert i bankkvelven for trygg plassering
av den koptiske kyrkja. Til denne dag har ikkje kunstskatten vorte returnert
til kyrkja.
Martin Stern kunne knapt tru at slike brot mot alle lovar for bankverksemd
var moglege. Som del av sin kamp for interessene til holocaustoverlevande og
arvingane deira, forlangte han at Bank Leumi skulle kunngjera namna til dei
bankbokseigarane som hadde fått innhaldet i boksane fjerna av banken. Fyrst
nekta bankdirektøren Galia Maor for at banken hadde opna boksane. Då han la
fram prov, sa ho freidig at "vi fann berre kjærleiksbrev". Eg lurar på om
dei jødiske organisasjonane ville slege seg til ro med eit slikt svar frå
sveitsarane.
Det gjekk med valutainnskot på same måte som med bankboksane, av di Bank
Leumi kunne tena på begge delar. Ei fru Klausner sette før andre verdskrigen
inn 170 pund sterling i banken - i dag tilsvarande 25 000 USD. Då ho kom
tilbake for å ta ut innskotet, tilbaud Bank Leumi henne 13 nye israelske
shekel - eller 4 USD. For å koma unna pinlege situasjonar i framtida byrja
banken å makulera gamle dokument.
Israelsk presse og Knesset gådde triksinga til Bank Leumi, og det vart reist
krav om ein parlamentarisk granskingskommisjon. Det tok seks månader å verta
ferdig med tingingane før ein fekk sett ned kommisjonen, men i mandatet var
det ein påfallande mangel. Dei overlevande hadde kravd at ein skulle finna
ut kven som hadde vore ansvarlege for at pengane deira vart gøymde unna eit
halvt århundre. Dette kravet vart ikkje teke omsyn til i mandatet. Enno
verre var det at det i kommisjonen sat folk som var personleg ansvarlege for
korleis saka har utvikla seg. Zvi Barak er styremedlem i Bank Leumi, han sit
også i styret i Generalifondet og har delteke i prosessen mot dei sveitsiske
bankane. No har han fått i oppdrag å finna dei ansvarlege i sin eigen bank.
Michael Kleiner er ein høgreorientert parlamentsmedlem frå Herutpartiet. Han
skreiv til den parlamentariske kommisjonen "banken øydelegg dokument i to
ulike avdelingar, og no er det sterk mistanke når det gjeld kva som skjer
med holocaustinnskota og spesielt dei brune konvoluttane frå bankboksane".
Nyleg vart Bank Leumi kjent for storstila kvitvasking av pengar, då dei
stolne formuene til Vladimir Montesinos og sjefen hans, Alberto Fujimori,
vart spora til Bank Leumis avdeling i Sveits. Omgrepet "kvitvasking" er
mesta ubrukande når det gjeld ein slik bank: Gav du dei eit kvitt handkle
til vasking, fekk du det vel helst tilbake brunflekkete.
VI
Den største sigeren til dei jødiske leiarane såg ein likevel i Tyskland i
1991 då Austtyskland vart del av forbundsrepublikken. Etter 1945 gav ikkje
det sosialistiske Austtyskland tilbake eigedom til dei tyske
førkrigseigarane - anten dei var goyim eller jødar. Det var logikk i
politikken deira. Austtyskarane rekna ikkje med noko "jødisk folk". Dei
handsama tyske borgarar likt - om dei var jødar eller ei. Dei meinte
naziideane om utskiljing av jødar hadde vorte gravlagde i 1945. Dei tok feil.
Vesttyskland godtok den føydale ideen om "jødeskapet" (jewry) i 1950, då dei
betalte kompensasjon for jødisk eigedom - ikkje til overlevande eller
arvingar, men til staten Israel og jødiske leiarar andre stader.
Vesttyskarane gjorde det same i 1991.
Eit døme: To tyskarar, Moses og Peter, døydde under krigen og etterlét seg
eigedom i Austtyskland. Eigedomen til Peter Goyim vart verande under
kontrollen til tyske styresmakter til arvingane hans vart funne. Om han
ikkje hadde arvingar ville eigedomen framleis tilhøyra det tyske folket. Men
eigedomen til Moses Jøden ville verta overført til herrane Bronfman & Burg
som leiarar og representantar for det jødiske folket - konferansen for
jødiske krigskrav. Tyskland overførte eigedomen som høyrde til sine jødiske
borgarar på austtysk territorium til denne konferansen.
Konferansen var ei fiktiv forsamling av 44 menn som ikkje representerte
nokon. Nokre av dei representerte til dømes ein organisasjon med det flotte
namnet "Anglo-jødisk Forbund", som totalt har kring 50 medlemmer. To
personar "representerer" millionar av israelske jødar. Denne konferansen
skulle så finna dei rette arvingane til Moses og andre jødar av tysk opphav.
Dei jødiske leiarane hadde ein bedre idé. Dei visste at mange eigarar aldri
ville krevja husa sine tilbake likevel, og då ville eigedomen vera deira.
Men sjølv det var ikkje nok for desse grådige typane. Dei sette ein frist
for krav: Dei som ikkje heldt seg innanfor fristen ville ikkje få krava sine
vurdert. Det var eit triks verdig det jødiske talentet: Tredve milliardar
dollar i fast eigedom var deira - nesten lovleg. Frå no av kunne dei ta lett
på krav frå dei eigentlege eigarane. Og milliardane av dollar i inntekter
kunne samla seg opp på kontoane deira.
Organisasjonane til amerikanske jødiske overlevande tok då opp kampen mot
sine jødiske leiarar. Dei krev at konferansen skal laga ei offentleg
tilgjengeleg liste over eigedomar, finna dei verkelege arvingane og gje dei
frå seg. Dei planlegg å saksøkja Tyskland, Italia og andre land og
organisasjonar som av ein eller annan mystisk grunn godtok den
middelalderske ideen om "jødisk eigedom". Dei seier at eigedom berre kan
tilhøyra jødiske individ, og at det ikkje finst noko slag "jødisk eigedom".
Slik denne historia har vist er idear om "jødisk eigedom" bra for
sjølvproklamerte jødiske leiarar for å halda oppe det velstandsnivået dei er
vande med, men for vanlege folk med jødisk bakgrunn er det på tide å gje opp
dei kostesame illusjonane om jødisk solidaritet.